Hei og velkommen til mi nettside
om hydrofoilbåtar

Av Eivind Haavik

 

 

                                        Les rapporten min!                                             Sjå powerpointen min!                                               Sjå dokumentaren "Foilborne"                                     Sjå snutten "Retro: hugsar du hydrofoilen?"

                                               

                                        For meir info og knask om hydrofoilar, klikk her!

   

Knarrsmed gruppen

Ein hydrofoilbåt er eit hurtiggåande fartøy, der skroget vert lyfta ut av vatnet ved hjelp av bæreplan (foilar) montert på bein som stikk ned i vatnet.
Dette gir betydelig redusert vassmotstand ved høg hastighet i forhold til eit vanleg planande fartøy. Prinsippet er det same som for flyging bortsett
frå at arbeidsmediet er vatn, istaden for luft.

Dei fyrste eksperimentelle hydrofoilbåtane blei prøvd på byrjinga av 1900-talet. Under andre verdskrig prøvde tyskarane å laga ein invasjonsflåte
av hydrofoilbåtar. Dette arbeidet resulterte i mange forbetringar som etter krigen vart nyttiggjort seinare, mellom anna i kommersiell sjøveis-transport.
Den amerikanske marinen hadde mange fartøy i drift som anvendte teknologien, klikk biletet av marine-hydrofoilen ovanfor for å sjå dokumentaren
"Foilborne" som omhandlar nettopp dette.

Hydrofoilbåtane er supre når dei verkar, men det følgjer med mange ulemper også, som har ført til at vi i dag ser mykje mindre hyppighet av hydrofoil-
båtar rundt omkring i verda. Kva framtida bringer, veit vi ikkje, men det vert forska mykje på korleis å anvende teknologien vidare. Dersom du ynskjer
å lese meir om kva framtida bringer for hydrofoilar, kan du lese denne artikkelen fra tu.no